Nyhende
Gråsido
I helga var Banano og slektningar på fisketur i gråsido, det vart halt i land mange blankfeite fiskar som alle var rosaraude i kjøtet, smakte godt gjorde dei óg.
Fiske i Munkebotn
Mannen med den store sluken og Banano tok seg ein kveldstur i Munkebotn, men fiska ein av dei med for stor sluk?
Fyrste sjøauren -2006
MTOSFLAUG tok turen til Bolstadfjorden for å dorga. Resultatet vart ein liten sjøaure på 4-500 gr. og ein svarting*
Andre gjedda - 2006
Eit digert beist ! Tor var svært tolmodeg denne fine maikvelden i Paradis. Etter to smånapp (ikkje i lauken .. ™) gav han ikkje opp og til slutt beit ruggen. Gjedda gav ein strid, men kort kamp, og vart guida trygt på land av Onkel Banan. Vekten vart sett til 3,6, men eit hekto plastpåse vart subtrahert. Etterpå vart den kontrollveigd av Onkelen: Fyrst berre Onkel som var 89,8 kg så saman med beistet som vart, vel, 94 kg ! Og eit endeleg endeleg resultat vart kalkulert til 3,5 kg. Sirkus. Ikkje mindre iallfall.
Fyrste gjedda - 2006
Myravatnet er klårt ! Banano og mex´n fekk fast fisk på årets fyrste fisketur. Gjedda beit få meter frå land ved bryggja i Myravatn ved Paradis, og me fekk den inn utan dramatikk. Me hadde og eit anna napp ( ikkje i lauken...™) og ein episode der ei smågjedda fylgde roleg etter fluga heilt inn til land for så, nonchalant, å symja ut at.