You are here: Home Members Banano
Personal tools
Document Actions

Granvin 09.06.07

by Banano last modified 2007-10-02 19:54

Hyttetur i Granvin

Banano og kameraten hans m/son,  her kalla "Stian" og "Markus", reiste ein fin sumarsdag til Granvin for å fiska aure og for å koma seg vekk frå storbyens mas og kjas. Turen gjekk til Banano si hytte då det i nærleiken av denne fins nokre vatn med garantert fangst. Tidleg på laugardagen tusla me avgarde i retning eit lite tjødn som far til Banano hadde tipsa om dagen i førvegen. Dette er eit svært hemmeleg tjødn som kan by på fin fisk,  og det er berre far til Banano, resten av familien og ja, stort sett alle innbyggjarane i Granvin som kjenner til denne fiskestaden, og godt er det for sjølv om fisken er fin er det ikkje så mange av dei.

Etter at eg hadde tatt feil av vegen to-tre  gonger og vetle  "Markus" hadde blitt spesielt utålmodig klarte me til slutt å finna den hemmelege staden langt inne i den gjengrodde urskogen i Granvin. Me sette oss eit stykke frå vatnet og fekk opp humøret med litt smelta sjokolade denna fine morgonen. Det var ganske varmt og dei tettvokste bratte skråningane hadde lurt fram eit par svettedråpar og solkremen hadde som mange gonger tidlegare sklidd godt inn i augekroken. Medan Stian og Markus let seg trollbinde av naturens skapningar, ein frosk, smurte banano dei opprispa armane sine inn med sviande myggolje og treiv til seg slukstanga som i løpet av sekundar var tredd og lada med ein sluk. Det var vak rundt om i tjødnet og ein liten bris, sola steikte og bortsett frå eit par gledeshyl borte ved frosken var alt stille...Etter eit par kast kom fyrste nappet, og etter eit par nye kast kunne eg ynskje fyrste auren velkomen til lands. No vakna dei to andre, men innan dei hadde klargjort stengene sine hadde den målbevisste onkelen nok ein rugg på land. Fiskane var nærare ei mork enn to, det vil seie i mellom 3 og 3.5 hekto vil eg tru, men dei vart ikkje vegd. Sjå bileta og gjer deg opp di eiga meining.