You are here: Home Nyhende Andre gjedda - 2006
Personal tools
Document Actions

Andre gjedda - 2006

by friweb last modified 2006-05-26 01:29

Eit digert beist ! Tor var svært tolmodeg denne fine maikvelden i Paradis. Etter to smånapp (ikkje i lauken .. ™) gav han ikkje opp og til slutt beit ruggen. Gjedda gav ein strid, men kort kamp, og vart guida trygt på land av Onkel Banan. Vekten vart sett til 3,6, men eit hekto plastpåse vart subtrahert. Etterpå vart den kontrollveigd av Onkelen: Fyrst berre Onkel som var 89,8 kg så saman med beistet som vart, vel, 94 kg ! Og eit endeleg endeleg resultat vart kalkulert til 3,5 kg. Sirkus. Ikkje mindre iallfall.

Andre gjedda - 2006

Legg merke til at denne er klengd på same stokken som Fyrste gjedda . 2006

Sjå den flotte fotoreportasjen her.

Related content

Steikje...

Posted by Banano at 2006-05-26 01:36

Korleis skal ein foredle slik ein grom fisk?

Eiiin

Posted by friweb at 2006-05-26 01:40
Synst Tor mumla noko om å sluka den heil, rå. Men det var kanskje kva beistet hadde gjort med spinneren han snakka om. Han var frå seg av adrenalin der nokre stakka minutter iallefall....prøvde å tuppa beistet oppi skogen ..

Serieklengjar laus?

Posted by Makken at 2006-05-30 21:19

Eg anar eit mønster av kvasireligiøs symbolikk, fallosmisunnelse og seksuell aggresjon. Det skulle ikkje forundre meg om offera vert etne. Eg tykkjer dette luktar av at ein serieklengjar er laus!

klengjenamn

Posted by friweb at 2006-05-31 22:57
skuldas fallosmisunnelsen klengjenamnet Makken, mon tru ?
Håper du klengjer deg med neste gong.

Makken

Posted by Makken at 2006-06-01 12:41

Ikkje umogeleg. Var makken der likevel då, eller trur du nokon jobbar på lisens?

Lisens eller ei ( off topic )

Posted by friweb at 2006-06-01 13:22
Den einaste lisensen eg ikkje har betalt i år er NRK lisensen og no er dei i streik. Det vil sei at dei ikkje jobbar på lisens, eller.. dei skulla ha jobba på lisens.. men gjer det ikkje. Såg iallefall ikkje NRK der, og trur ikkje dei har noko med saken å gjera.