You are here: Home Nyhende Fiske i Munkebotn
Personal tools
Document Actions

Fiske i Munkebotn

by Banano last modified 2006-07-27 15:12

Mannen med den store sluken og Banano tok seg ein kveldstur i Munkebotn, men fiska ein av dei med for stor sluk?

Me vralta oss oppover svingane mot Munkebotn(Sandviksfjellet) med von om at eit godt napp (ikkje i lauken) skulle gjera dagen komplett. Banano var ikkje så rask til å vippe ut utstyret, men var  tydlegvis flinkare til å handtere det denne kvelden. Han kjempa på land ein 200+ grams rugg på fyrste kastet med ein tolvgrams Møre-ungen (hugsar ikkje namnet på sluken). Seinare på kvelden i vatnet ved sida av, Langevatn,  nykka  Banano kroken opp i haka på veslebroren  til den fyrste fisken, denne vegde omlag 100gram men klarte likevel å dekke ei heil skive med Dansk kornbrød.