You are here: Home Nyhende Fiskerifagleg nyvinning
Personal tools
Document Actions

Fiskerifagleg nyvinning

by Kukle Sprett last modified 2009-05-26 11:27

Med fiskekajakk er det mogeleg å krysse Meland kommune utan å få fast jord under føtene, samstundes som ein driv matauke.

Fiskerifagleg nyvinning

Banano sjekkar at eine doningen sit godt fast på taket til den andre doningen

Sundag var Makken og Banano på ekspedisjon til Meland. Grunnlaget for turen var at den nyrike Banano hadde investert i ein høgteknologisk fangstreidskap som kan hjelpe fiskaren til å overraske fisken der den minst ventar det. Dei fleste har vel allereie skjøna at det er snakk om bellyboaten sin seriøse nevø, fiskekajakken.

Etter litt finnavigering med GPS får me kontakt med ein lokal bonde som kan fotelje at frå Bjørndalsvatnet går det ein kanal til vår destinasjon Storavatnet. Me tykkjer sjølvsagt det høyres ekstremt lovande ut, og vasset kajakken sporenstreks. Kajakken skal tole last på 300 kg, noko som tilseier at den ligg rimeleg djupt i vatnet når eg (Makken) og Banano får rigga oss oppi. Me lyt difor vere varsame med å dra for mykje fisk, så me ikkje går under.

Veret kan vel best beskrivast som ruskete men med manglande regn. Kajakken ligg fint og djupt i vatnet, og verken kastevind eller byljer på tvers er i stand til å bekymre fiskarane. Me finn etter anvisning frå ei lokal budeie kanalen. Tankane våre går til Professor Drøvel, og det er allereie utanfor einkvar tvil at doningen er verd kvar riksdalar. i farta

Etter rask padling nokre nautiske mil i medvind legg me til på ei lita øy i storavatnet, og Banano får kjenning og visuell kontakt med ein aure. På heimoverturen vert det dorga med ein overdimensjonert holografisk spinner frå det slunkne fiskeskrinet til Banano. Just i utosen frå Storavatnet høgg det på ein fisk. Eg har alt kamera oppe for å forevige den gilde naturen, og freistar å dokumentere kampen mellom mann og fisk samstundes som eg sveivar inn. Ved kanalen

Mann mot aure

Mann mot aure IIDet går så der, men fisken vert landa. Det er ein smålubben tenaure på 2-300 g, raud og fin i kjøtet. Basert på våre observasjonar er det minst to fisk att i vatnet, og Banano har klare planar om snarleg retur for å hauste desse.

fabelaktig foto reportasje!

Posted by friweb at 2009-05-16 15:15
Og då meiner eg fabelaktig i ordets rette forstand.

Detaljar

Posted by Banano at 2009-05-26 15:28
Nokon gonger er detaljane viktige, til dømes nummerskiltet på ein bil...