Fyrste auren - 2006
finfin
Ein onsdag nytta eg (Makken) og Meksikanaren (Kinesaren/Muslimen)
høvet, pøsregn og nokre ledige kveldstimar, til å freiste
fiskelukka. Me bestemte oss for å reise til fjells med jarnhestane
våre, og hadde fleire føremål med turen: matauke, friluftsliv, test
av vitenskaplege teser og nye klede.
Alt medan eg sat og rigga makkastonga var Meksikanaren i gang. Han piska vassflata i Munkebotn hissig med fluge på snor. Auren gav seg rask til kjenne ved å sprette nervøst og smånibba etter tse-tse-imitasjonen hans. Hensikta med dette var å motbevise tesa(frå no av kalt Tesa) om at småauren ikkje byrjar å jage før den har fylt 20cm3.
Eg, for min del, var ute etter å bryte forbanninga som fall over meg sesongopninga 2005, då eg mot all betre kunne landa ein Aure på rundt 6 hekto i Vetlavatnet. Sidan den tid har eg vore fiskanes beste ven, og det byrjar å gå meg på nervene. Inspirert av Meksikanaren lirka eg duppen uti ved elveosen, og den fylde straumen fint ved vasskanten, eller landkanten er vel det rette ordet. Etter ei lita stund fekk duppen den voggande gangen som tyder på napping(ikkje i lauken) i makken(må ikkje forvekslast med Makken). Eg var rask med å hive duppen uti att, og det var ikkje lenge før det beit på ny. Eit mjukt tilslag vart besvart med hissig napping(ikkje i lauken) og eg fekk fisken på land. Den var for stor til å motbevise Tesa og hadde teke lett, så den fekk bade vidare. Eit par kast seinare beit det på ny, og eg fekk auren på land. Denne hadde slukt agn med krok og søkke og trengde human avliving. Det vart nakkeknekk drunken style.
No var eg rimeleg godt nøygd og sette meg og nippa(ikkje nappa) til ein kaffi medan eg iakttok Meksikanaren. Han hadde skifta til ein Karin Park(og kjend som bergensk døgnfluge) og presenterte denne for auren med grasiøse kast. Det gav resultat i fast fisk. Han hala inn ein aure som berre var kubikkmillimeter frå å knuse Tesa. Han var nok litt skuffa, men sette fisken profesjonelt ut att.
Me bestemte oss for å freiste lukka i Langevann. Meksikanaren var fyrst ut der og, og det formeleg kokte rundt kålsommarfugllarveimitasjonen hans. Men Meksikanaren visste kva han var ute etter. Han finta høgre-venstre, oversteg og Cruijff, og der sat den. Han hoia høgt henimellom haugane henimot Harastigen han Helge(Meksikanaren). Lenge før basketaket var over, det tok omlag 15 min., visste me båe at det var gjort. Andpusten hala Meksikanaren inn ein luring som neppe bikka 10cm3, og Tesa var knust. Me hadde ikkje med oss kamera, men denne scena kjem til å spelast igjen og igjen i hovuda våre.
Det pøsregna framleis, og me bestemte oss for å vende nasen heimover. Meksikanaren var rimeleg sikker på at dei nye regnkleda pusta, men om dei pusta mest inn eller ut var litt uklårt. Han var ikkje turr i alle høve. Den nye vassavvisande jakka mi heldt det den lova, så eg var ikkje turr eg heller. Jarnhestane tok oss ned mukebotn i eit forrykande sommarver og snart var me heime.
Vel heime fekk fisken hovudet kappa av og vart rulla i mjøl og karri i høve 2:1. Etter sprøsteiking fungert den godt som punktum for ein særs vellukka impulstur.

Auren rulla i mjøl og karri. Effektivt for å avsløre skinndaude.

Auren fyller panna bra, men har fartsstriper. Skinndaud likevel?
Eg må innrømma eg vakna sveitt i natt, med minne om fisken (som var litt mindre enn ein negl) som eg hadde problem med å halde i handa utan at den glei mellom fingrane, evnt forsvann ned i fingeravtrykka mine.
"Av og til, av og til, er berre ein kubikkmillimeter nok"