You are here: Home Nyhende Fyrste gjedda - 2006
Personal tools
Document Actions

Fyrste gjedda - 2006

by friweb last modified 2006-05-26 01:56

Myravatnet er klårt ! Banano og mex´n fekk fast fisk på årets fyrste fisketur. Gjedda beit få meter frå land ved bryggja i Myravatn ved Paradis, og me fekk den inn utan dramatikk. Me hadde og eit anna napp ( ikkje i lauken...™) og ein episode der ei smågjedda fylgde roleg etter fluga heilt inn til land for så, nonchalant, å symja ut at.

Fyrste gjedda - 2006

Gjedda tatt på myseimitasjon, 700 gr.

Vekt 700 G

bra med "f"er

Posted by friweb at 2006-05-14 00:26
I beste fem feite flyndrer stil...


: "...fekk fast fisk på årets fyrste fisketur."

Bokstavrim

Posted by Makken at 2006-05-19 23:30

Ja, ein kan ikkje klage om det held fram slik. Nesten på høgd med: Betre bør du Ber'kje i bakkjen..

Ingrediense rim

Posted by friweb at 2006-05-20 00:22
Det einaste som kunne vore enda betre måtte vera dersom ein klarte å laga ein matoppskrift der alle ingrediensane starta på , ja, tildømes "f" eller kanskje "b". Det hadde og vore nyttig dersom kokeframgangsmåten generelt kunne vore på rim. Mykje lettare å hugse på det viset, når ein er ute på tur og kun har med seg fisk, farin, friskrevet ingefær, fochiaccha og flein.

Myseimitasjon

Posted by friweb at 2006-05-14 00:59
Var myseimitasjonen på 700 gr ?

Ekte myse

Posted by Makken at 2006-05-14 23:13

Eg trur eg kan skaffe ekte myse på mjølkespann til ein billeg penge om marknader er der.

Myse

Posted by friweb at 2006-05-16 22:40
Bruker kun tørrmyse.

Klenging

Posted by Makken at 2006-05-14 23:11

Eg ser at gjedda vart klengd opp. Er det ei åtvaring til andre gjedder om å kome seg attende til der dei kom frå (Austlandet, Finnland, Sverige og Danmark t.d.) eller dit peparen gror, eller ei freisting på å lage klippfisk?

Klenging

Posted by friweb at 2006-05-16 22:39
Klenging er den lokale handteringsmåten for fisk i Hop/Paradis traktene, derav ordtaket "kleng fyrst, deng etterpå". Denging gjer ein for å møyrne kjøtet.