You are here: Home Nyhende Gråsido
Personal tools
Document Actions

Gråsido

by Banano last modified 2006-07-31 14:56

I helga var Banano og slektningar på fisketur i gråsido, det vart halt i land mange blankfeite fiskar som alle var rosaraude i kjøtet, smakte godt gjorde dei óg.

Denne artikkelen vil fokusera på banano sin fangst. Han fekk to flotte feite fiskar på laugardagen (lite lauging og mykje fisking). Det nappa (ikkje i lauken) etter ein halv time med slukkasting, og fisken var særdeles fyrrig. Auren vart berga på land ved hjelp av den gode gamle to meter inn ein meter ut taktikken, det skreik i bremsen, det måtte stillast på bremsen to gonger før det lukkast å hjelpa stakkaren i land. Ettersom Banano hadde plassert seg på ein stein i eit heller ulendt terreng tok han håven fatt for å bringa beistet inn den siste meteren, dette var strengt tatt ikkje naudsynt for auren hadde bete seg godt fast... Nedanfor ser ein den andre fisken Banano fekk denne flotte sumarsdagen, den vegde 5.8 hekto. Nederst er eit bilete av den største fisken som far til Banano fekk, den vegde 8.3 hekto. Til saman vart det fanga 20 stk. dei fleste rundt halvkiloet.


http://fiske.friwebteknologi.org/fotos/graasido