Kajakk i Lindås
Etter at Makken hadde funne tips om område for innanlands ferdsel i båt, la Makken og Banano ut på ny oppdagingsferd/kajakkfiske nord for Bergen.
Etter å ha funne eit gamalt fråflytta hus med eigna parkering rett
ved vasskanten til Storavatnet (Søreide), vart utstyr mobilisert og
tokt initiert. Sjølvutnemnd kaptein Banano svinga padleåra og
overstyrmann Makken (number 1) hadde spinnaren (Myrans gull 7g) i
vatnet straks sivkanten var tilbakelagt. Ferda gjekk vestover, deretter
norvest, under ei lite bru og videre med nordvestlig peiling. Etter ein
liten stopp, med rollebytte, frakta Makken dei to vidare nedover det
stille vaklause vassdraget, så langt var det ikkje teikn på liv. Ved
inngangen til ein kanal/smal passasje returnerte dei til moder jord og
bar Fishermann 1 med bagasje over til Vikavatnet, og fortsatte til
Midtvatnet gjennom ein godt overgrodd kanal, og fyrst halveges gjennom
dette vatnet fell den fyrste auren for Myrans venleik og glitrande
sjarme. Diverre var ikkje dette eksemplaret meir enn ein sprilt og fekk
returnera til djupet. Det vart eit par spriltar til, me dette området
er nok meir gunstig for tur enn for fiske. Turen vart tracka,
NST
Pisking
Pissing
Men naturen er det lite å sei på, som vanleg.
http://no.wikipedia.org/wiki/Phishing