You are here: Home Nyhende Storås musikk og fiskefestival
Personal tools
Document Actions

Storås musikk og fiskefestival

by Banano last modified 2007-10-02 22:49

For Banano er det jul heile året

Banano er glad i fiske, men likar også musikk, og når han kan kombinera dette, ja då gjer han det. Det hadde seg slik at to av favorittbanda til banano skulle spela på Storåsfestivalen i sommar (Dinosaur Jr og Gogol Bordello), og ettersom stakkars banano måtte jobba heile sumaren spanderte han på seg ein flybilett og eit festivalpass og reiste nordaustover. Med seg i skreppa hadde han pakka ei teleskopstong og ei gamal haspelsnelle, samt nokre favorittslukar. Ettersom ingen av venene til Banano kunne vera med ville det bli litt dautid på laugardagen før konsertane skulle ta til. Han hadde difor saumfart området på førehand via vevtenesta googlemaps, og hadde sett seg ut eit par vatn som var innan rimeleg gåavstand frå festivalområdet. Kor denne seansen fann stad er kan ikkje røpast ettersom Banano, som tjuvfiskarar flest, ikkje hadde fiskekort. Denne gongen hadde han tenkt å fiske som ein rederleg småfiskar, men køen inn på butikken, der fiskekorta kunne kjøpast, var mange timar lang. Etter ein times gange forsvann Banano inn i skogen, grunna manglande printar hadde han ikkje med seg kart, men satsa på at hukommelsen for ein gongs skuld ikkje skulle svikta han.

Etter å ha slukt i seg ein del multer og endå meir blåbær såg han fyrst ei hytte deretter to vatn. Han lista seg forbi hytta og kunne raskt sjå at det ikkje var nokon der, han smaug seg deretter ned til vatnet og såg seg ut ein fin fiskeplass. Etter tre kast skjedde det noko som fekk Banano til å støkke ganske kraftig, ei voldsom kraft holdt på å rykke stonga ut or nevane hans. Oppsynsmannen? Nei, det kom frå djupet rett utanfor vannliljene, det morkne monofilamentet skreik mot auga framme på stonga og den ujamne bremsen lagde merkelege krakselydar der snøret støtvis vart rykka av spolen. Det nappa voldsomt (ikkje i lauken), og banano kjempa med å svelge ned hjarta samstundes som han kjempa ein frustrerande kamp med den dårlege bremsen og forbanna seg sjølv for ikkje å ha skifta snøret dei siste åra. kampen varte i fleire minuttar, men etter kvart slepte Banano den største auren i sitt liv opp på landjorda. Fisken hadde tulla seg godt inn i snøret og såg nærast ut som ein gammal farao der den låg. Takka vere Banano sine godt utvikla fyrstehjelp evner klarte han å redda livet til denne flotte feite ruggen, og plasserte den ut at i vatnet. Det var nemleg ikkje lov å bruke grill inne i teltområdet. Dessutan måtte lokalbefolkinga få sjansen til å møte sin store son/dotter.

Etter dette gjekk det dårlegare, ein fisk på omlag ei mork tok seg ein tur på land, men vart raskt plassert i sitt riktige element.

Ein halv time seinare beit nok ein rakkar på i vatn nummer 2, men denne kunne sine triks. Den tok ein meterhøg  dobbel salto immortale og spytta ut sluken ved utgangen av den fyrste rotasjonen.

Nok ein time passerte, eit lite napp (ikkje i lauken),  og deretter ingenting.

Med eit høyrde Banano ein bil borte ved ei hytte der han tidlegare hadde sett eit eldre ektepar. Etterkvart som han nærma seg såg han bilen og gjekk bort for å forhøyre seg om den enklaste vegen tilbake til festivalen. Han bestemte seg for å ta eit par kast i den siste vika før han gav seg og det var det luraste han nokon gong hadde gjort...i ein skog.  To minuttar seinare hadde han sett ny personleg rekord. Då storauren var fem meter ifrå skjøna han at dersom han ramla uti kunne den antakeleg ete både Banano og fiskestonga. Han kjempa i 15 minuttar, denne auren var like slu som den var stor, og like sterk som den var slu. Den symde slalom mellom vanliljene, kasta på hovudet vrikka på røvi og gjorde kva den kunne for å halde seg unna. Banano hadde lyst å ta den med håven, men hadde jo ingen håv, istaden heldt han stonga høgt og prøvde å gripe fisken i det han slepte den forbi myrkanten framfor føtene sine, men det gjekk dårleg. I desperasjonen bestemte han seg for å ta tak i snøret og lyfte auren på land, han visste at den kom til å gjere motstand i det den forlet vatnet, men han hadde ikkje noko val, snøret kunne ryke når som helst. Banano sette igang, og sekundar seinare var fisken...fri. Stonga vart kasta i myra, han sette seg på kne i myra og dikta opp mange nye banneord og rista i rein adrenalinrus. 5 minuttar seinare hadde han tippa fullstendig.

Driven av glaskap lyfta han fiskestonga og fortsette å fiske, som om det var truleg at fisken skulle bite på ein gong til. Tre kast seinare hadde Banano gjort det umoglege, storauren eller ein av syskena hans/hennar var på kroken. Like stor, like sterk og litt sluare, den hadde blitt "klok" av skade, men det hadde Banano også. 15 minuttar seinare var Banano eit sjølvutnemnd nervevrak, adrenalinjunkie, våt godt over albogen ... og ein storaure rikare. Banano hadde etter utallige forsøk klart å gripe tak i beistet og slengt den på land. Kampen fortsatte men no var Banano i sitt rette element, og dei som skjønar seg på fisk veit at auren var ute av sitt. To minuttar seinare var storauren dau. Den var skada etter den ville kampen og sjølv ikkje Banano kunne redda den. Auren vart som ved eit hedensk rituale overlevert til dei lokale hytteeigarane som tidlegare hadde vore hjelpsame med vegrettleiing. Sjeldan eller aldri før hadde dei sett makan til aure i detta vatnet og tok gladleg imot offergåva frå Banano, rett etter at biletet vart knipsa.