Sumar i Vetlavatnet
Ein historie om fire fiskarar og mange småaurar...
Pinsen har frelsa oss med ein fridag i sol og varme, fiskestong i
den eine handa og kaffikoppen i den andre. Fire karar frå byd'n tok
bussen til Åsane og freista fiskelykka i Vetlavatnet. Allereie på veg
til bussen skjøna me at å kle seg inn i gensar og regnjakka var å ta
noko hardt i, og etter å ha slept i land to-tre ruggar, måtte kvar og
ein i fiskekvartetten gje tapt og kasta noko klede. Etter kvart beit
fisken hyppig, om dette skuldast at den meir behaglege temperaturen
auka fiskarane sin motivasjon, eller om fiskane vart blenda av dei
kvite kroppane og difor ikkje klarte å skilja mellom ekte flåger og
imitasjonar er ikkje godt og seie.