Mulligatawny
Utan mat og supa ....
Mulligatawny
4 porsjonar
Ingrediensar
2 lauk
2 grøne eple (t.d. Granny Smith)
2 ss mild madrascurry
2 ss sterk madrascurry
4 ss kveitemjøl
7 dl kyllingkraft
3 dl fløyte
Kjukling
Sitron
Salt og pepar
Smør til steiking
Framgangsmåte
1. Skrell og hakk lauk og eple. Steik det på høg varme i
kassarolla. Ha i karri og fres alt på sterk varme til det nesten svir
seg. Ha i mjøl og lat det frese i to minutt til. Ha i kjuklingkraft,
og kjukling om den er rå .
2. Lat suppen koke i 20 min. Viss du vil, kan du køyre den i ein
foodprocessor eller bruke stavmiksar på den.
3. Kok så opp med fløyte, lat det koke i 10 minutt. Smak til
med sitron. Salt og pepar viss det trengs. Suppen kan godt serverast
med kokt ris.
Det er berre ein ting eg mislikar med denne suppa, det at eg ikkje et den oftare...