Combo candombe
Combo er det spanske ordet for eit stort band; Combo Candombe er organisert som ein laus og inkluderande jammefellesskap rundt ein kjerne av faste musikarar. Dei uunnverlege elementa i Combo Candombe er Alejandros vokal og gitar, Bård sin trombone, Geir sitt mangfald av perkusjonsinstrument og Inge sin bass. På dei fleste konsertane blir desse supplert av Norge Sanchez på vokal og perkusjon og Kim Eriksen på trompet. Skal det dansast regelrett salsa, må los bailadores kitlast nedover ryggen av Olav Hugaas sine leikande pianofingrar og haldast i tøyme av Alejandro Perez sitt stødige guiro- og klokkespel. Og skal det gåast seriøst bananas, blir scena invadert av all slag kuriosa: Oscar og Alejandra på vokal, Kjetil på akkordeon, Jean-Pierre på cajon, Eduardo på metallguiro, Ola på flamencogitar og ei røys cubanarar som grip til næraste slagvåpen for å vera med på jammen og akkedera seg til ei gratis bandøl.
The link address is: http://combocandombe.com